Lysne psykolog hjem

Svanhild Telnes

Psykolog

Svanhild Telnes

Bestill time

Mange gruar seg til å ta kontakt med psykolog, eller kan tenke at det dei strevar med ikkje er viktig nok. Eg ynskjer å vere ein varm, nysgjerrig og inkluderande terapeut som fokuserer på å møte deg der du der i livet og lage eit trygt rom for å utforske tankar, følelsar eller fastlåste mønster. Ingen problemstillingar er for små eller store, og du treng ikkje å ha heile historien din klar eller vite akkurat kva som er vanskeleg. Det finn me ut av saman. Du kan alltid stille spørsmål eller komme med tilbakemeldingar til meg. Om du treng hjelp med noko som er utanfor min kompetanse eller ynskjer ei anna tilnærming enn mi, gjer eg mitt beste for å hjelpe deg vidare til rett person.

Eg er utdanna psykolog ved NTNU og er i gang med spesialisering. Tidlegare har eg arbeidd med vaksne, barn og unge, både i spesialisthelsetjenesten og lågterskel i kommunen, og slik fått brei erfaring med mellom anna angst, depresjon, relasjonelle vanskar, sjølvfølelse, traumer, migrasjonshelse, rus og avhengighet, foreldreveiledning og pårørandeerfaringar. Eg brukar ulike terapeutiske metodar etter kva som passar deg og problemstillinga du kjem med. Eg har kursing i EMDR, emosjonsfokusert terapi og narrativ eksponeringsterapi, men òg god erfaring med å bruke kognitive teknikkar. Det som har størst påverknad på liva våre er ofte det som skjer mellom terapitimane, men det å ha nokon å snakke med i krevande periodar kan gjere det lettare å sjå kva du treng for å få det betre. Eg arbeider fast på dagtid måndag og tysdag ved klinikken i Nydalen, og enkelte kveldar i sentrum etter avtale.

Eg ser fram til å bli kjent med deg.